— Folk er sjokkerte og triste. Dei tilsette som kjende avdøde best og arbeidde nærast saman med henne, har naturleg nok behov for å snakke saman. Det prøver vi å leggje til rette for, seier stabsdirektør Anders Skjævestad i Vital Forsikring.

Rønnestad hadde arbeidd i forsikringsselskapet i åtte år. Ho hadde personalansvar for eit titals tilsette innanfor fellestenester som kantine, sentralbord og internpost. Fleire av dei tilsette som tok del i samlinga i går, hadde vore arbeidskollegaer med henne alle åtte åra.

— Folk er naturleg nok prega av det som har skjedd. Både sjølve hendinga og dei store medieoppslaga påverkar folk. Det blir svært sterkt, nesten voldsomt, seier Skjævestad.

PÅ HALV STANG FOR KOLLEGA: I ni-tida i går samla dei næraste arbeidskollegaene av Ingse Merete Rønnestad seg for å snakke om tragedien. Ved Vital-bygget i Fyllingsdalen flagga dei på halv stong i går.