26-åringen er den fjerde som blir domfelt, etter at politiet i januar slo til mot fleire adresser i Bergen og Drammen.

Mannen har tilstått at han var med og organiserte prostitusjon i stor stil frå fleire husvære i dei to byane. 26-åringen ordna med annonsering og husrom, fekk på plass ein telefonoperatør som tok imot bestillingar frå kundar, sørga for pengetransport, og frakta også minst fire prostituerte estiske kvinner til Noreg.

— Eg stod i gjeld til ein person i Estland. Det var ikkje pengegjeld, men ei anna form for gjeld, sa 26-åringen i retten om kvifor han gjekk inn i ligaen. Han forklarte at han var redd bakmannen, og ville difor ikkje fortelje kven denne personen er.

— Eg er redd både på eigne vegner og for familien min, sa mannen.

«Kynisk utnyttelse»

26-åringen tilstod å ha vore med på trafikken i eitt år, frå januar 2004 og fram til ligaen vart rulla opp. Dei skal ha fått inn 1,5 millionar kroner gjennom kvinnenes sex-sal; av dette skal kvinnene sjølve ha fått ein tredel. 26-åringen var med og frakta ein del av overskotet til bakmenn i Estland.

— Det var kanskje 150.000 kroner, kanskje 200.000, kanskje 250.000. Eg veit ikkje, eg førte ikkje rekneskap, sa halliken.

Han avviste at han hadde eit samarbeid med den 42 år gamle landsmannen som i april vart dømt til 20 månader bak murane i same sak.

Dommar Ronny Bølgen slår fast at det dreier seg «om en kynisk utnyttelse av kvinner i en vanskelig situasjon» og at 26-åringen har «bidratt til å holde kvinnene i et personlighetsødeleggende miljø».

Førebels punktum

Sjølv om den domfelte personleg ikkje har hatt store inntekter av trafikken, har han etter dommarens meining fylt ein viktig posisjon i ligaen. 26-åringen vart tatt med fleire ti tusen kroner på seg, og er dømt til å betale attende 100.000 kroner til Staten.

Med gårsdagens dom er det sett førebels punktum for bergenspolitiets største halliksak nokosinne. Ein estisk statsborgar sit fengsla i Estland, sikta for å ha vore med i ligaen. Norsk politi har bedt om å få mannen utlevert, men det er ikkje avklara om Estland er villige til dette.