Så langt det er mogleg utan formelt vedtak, stadfester avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet, Sigurd Gude, at «Fjordgar» får dispensasjon til å halda fram i ruta etter 1. mai, då ho eigentleg skulle ut av trafikk.

Grunnen var at «Fjordgar» er gammal, og ikkje lenger oppfyller dei stadig strengare krava til tryggleik på sjøen.

Men problemet for dei som trafikkerer strekningen, er at ein ny båt enno ikkje er tinga, og kan difor tidlegast setjast inn i ruta ein gong i 2003.

Lågare risiko

Men «Fjordgar» får altså halda fram. — Ja, slik tolkar eg den kontakten eg har hatt med Sjøfartsdirektoratet om saka. Etter ein del tiltak er «Fjordgar» også ført opp med mykje lågare risiko enn det som var tilfelle i vinter, seier Albrigt Sangolt til Bergens Tidende. Sigurd Gude stadfester dette overfor Bergens Tidende.

— Vi har hatt ein konstruktiv dialog med HSD, og etter at ein del tiltak er gjennomførde, er risikovurderinga av ferja langt meir positiv no enn i vinter. Ferja skal til dømes få nytt og betre navigasjonsutstyr. I tillegg vert ruta lagt opp med færre kursendringar, noko som også slær positivt ut i risikovurderinga, seier Gude, som legg til at ein dispensasjon vil gjelda ut året.

Møte med statsråden

— Men ein ny båt vil knapt vera ferdig får mange månader inn i neste år.

— Det er vi klår over. Eg reknar med at det vert ei pragmatisk vurdering av situasjonen når så langt lid, seier Sigurd Gude.

Hordaland fylkeskommune har vore aktiv i arbeidet med å få dispensasjonen for «Fjordgar» på plass før 1. mai. Og for å sikra at alt klaffar, tek fylkesordførar Gisle Handeland saka opp direkte med samferdsleminister Torild Skogsholm under eit opphald i Oslo fredag 26. april. Venteleg vil Albrigt Sangolt og vera der saman med samferdslebyråden i Bergen, Tom Knudsen.

Katamaran-ferje

— Kva er status for arbeidet med ein ny båt i sambandet?

— HSD, som har konsesjonen, vil satsa på ei katamaran-ferje i aluminium av same typen som går mellom Vik, Ortnevik og Nordeide i Sognefjorden.i Sognefjorden. Det er ein svært god båt, og han kostar under halvparten av det ein bilferje av den vanlege typen ville kosta, seier Sangolt.

Gisle Handeland seier til BT at dei vil leggja press på departementet for å få avklaring for ny ferje alt i revidert nasjonalbudsjett før sommaren. Lukkast dei med det, kan den nye ferja setjast i drift ein gong neste år.

FÅR HALDA FRAM i RUTA: Bilferja «Fjordgar».
FOTO: HELGE SUNDE