3,7 km brei og brådjup ned til 1250 meter. Av mange sett på som uovervinneleg. Men vegvesenet har vist — enn så lenge som idéskisse - at det teknisk lar seg gjera å forsera også Sognefjorden.

På oppstartkonferansen for Ferjefri E 39 i Stavanger i går blei det lagt fram spenstige skisser for bruløysingar mellom Oppedal og Lavik.

- Vel bevart?

  • Folk har spurt oss om vi er vel bevart. Men sjå berre på offshoreteknologien, den har løyst oppgåver ein før ikkje trudde var mogeleg, seier Lidvard Skorpa. Han har leia Vegvesenets studie av om det er mogeleg å kryssa Sognefjorden ferjefritt. Der er konklusjonen at det teknisk er råd å få til både med flytebru, røyrbru og hengebru, det siste også i kombinasjon med brutårn på flytande pontongar. Kostnader er ikkje vurdert, men ei bru over Sognefjorden vil krevja verdsleiande kompetanse.

Eit tidsspørsmål

— Eg er sikker på at ein ferjefri E 39 er råd å få til. Det er berre eit spørsmål om tid, oppsummerte vegdirektør Terje Moe Gustavsen etter konferansen, som samla rundt 200 politikarar og vegekspertar frå Trondheim i nord til Kristiansand i sør. Og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), som lova departemental jobbing og løyvingsvilje for ferjefriprosjektet.

  • Samfunnnsmessig er dette eit viktig prosjekt, som også vil befesta vår posisjon som verdsleiande i fjordkryssing, sa vegdirektør Moe Gustavsen.
  • Dette er eit puff vi hadde trong for. Vi må få eit heilskapleg løft for den ferjefrie E 39. Vi representerer gullkysten, eksportkysten med eit enormt potensiale til å ta ut endå meir verdiar med betre transportvilkår. Ferjer skapar fråflytting og pessimisme, bruer det motsette, sa Bergens byrådsleiar Monica Mæland (H).

Grensesprengjande

Tidlegare vegsjef i region vest, Olav Ellevset skal leia det nyetablerte prosjektet Ferjefri E 39. Han ser oppdraget han og styringsgruppa har fått er grensesprengjande både fagleg, samfunnsmessig og teknologisk.

— Dette er eit kunnskapsprosjekt der vi skal sannsynleggjera nasjonale og regionale samfunnsmessige effektar av ferjeavløysingane, og i samarbeid med forskningsinstitusjonar og høgskular og blant anna oljesektoren skal utvikla ny teknologi for fjordkryssing, seier Ellevset.

På spørsmålet om Ferjefri E 39 - kalkulert til rundt hundre milliardar kroner - er ein samfunnsmessig kostnad eller investering, svarar Olav Ellevset:

  • Det kjem an på korleis ein tilnærmar seg strategisk. Det er dette vi no skal å finna meir ut av. Det er utan tvil om store verknader både regionalt og nasjonalt, seier Ellevset.

Ulukker for 13 milliardar

-Vi har bra metodar for å rekna ut effektar på trafikkulukker og transportkostnader, det er verre å rekna ut effektane på regional og nasjonal økonomi, seier Ellevset.

I perioden 2000 — 2009 var det om lag 2900 trafikkulukker på E 39, med 149 døde og 408 hardt skadde som resultat. Berre samfunnskostnaden av det var på 13,1 milliardar kroner.

Trafikantnytten for ein time innspart køyretid er 100-150 millionar kroner i året målt for eit årsgjennomsnitt på 1000 køyretøy. Dagens gjennomsnittstrafikk på heile E 39 er på rundt 5000 køyretøy i døgeret. Ferjefri E 39 har eit mål om å kutta køyretida mellom Trondheim og Kristiansand frå dagens 20 timar til rundt 12.

Sei meininga di om ferjefri E 39 i kommentarfeltet under!