— Dette er første gangen NIVA konkluderer så klart med at utslepp av spillfôr og avføring frå oppdrettsnæringa verkar inn på miljøet i fjorden, ifølgje seniorforskar Jarle Molvær i Norsk institutt for vannforskning (NIVA).

Utsleppa av nitrogen til Hardangerfjorden frå oppdrettsnæringa er 3,5 gongar høgare i 2005 enn i 1993. Oppdrettsnæringa er blitt den største kjelda for nitrogenutslepp, og står i dag for nesten halvparten av nitrogentilførsla til fjorden.

Nitrogen er det viktigaste gjødselstoffet for det som populært blir kalla grønske i sjøen, lange trådalgar som blømer opp om sommaren.

For stor algevekst føre til at oksygenet i sjøen blir brukt opp, noko som i sin tur vil ta livet av botndyr og fisk i fjordane.

Dystert bilete

NIVA undersøkte Hardangerfjorden i fjor sommar på oppdrag for Statens Forureiningstilsyn (SFT). NIVA teiknar eit dyster bilete av tilstanden:

«Store mengder hurtigvoksende trådalger og sterk groe av påvekstalger (som grønndusk og brunsli), samt tap av sukkertare i store deler av fjorden, indikerer at overgjødsling, eventuelt også i kombinasjon med høy sjøtemperatur, høyst sannsynlig er årsak til den dårlige tilstanden i sjøvegetasjonen. Sterk økning i menneskeskapt tilførsel av nitrogen og fosfor styrker denne sannsynligheten».

NIVA sin konklusjon blir ytterlegare styrkja av at undersøkinga fann at indre grense for sukkertare - som blir fortrengt av tilgroing - er flytta 40 kilometer lenger ut i fjorden enn for 45 år sidan.

Manglar kunnskap

Rapporten om Hardangerfjorden er ein av tre NIVA-rapportar SFT byggjer på i si vurdering av verknaden av utslepp frå oppdrettsnæringa.

Hovudrapporten gir ei vurdering av verknaden av utslepp - frå oppdrett og andre kjelder - frå i alle fjordområda frå Vest-Agder i sør til Sogn og Fjordane i nord.

  • Berre tre av 21 område vert klassifisert som problemfrie, Sognefjorden, Bømlo-området (frå Leirvik og vestover) og eit lite område rundt Egersund.
  • Ved Farsund, Flekkefjord, Gandsfjorden/Hafrsfjord ved Stavanger og i Karmsundet/Skjoldafjorden er fjordane overgjødsla - utan at NIVA konkludere med kva som er årsaka.
  • Resten av Vestlandet, medrekna Hardangerfjorden, vert karakterisert som moglege problemområde. Hovudårsaka til karakteristikken er mangelfull informasjon over miljøtilstanden i fjordane, kombinert med kunnskap om sterk vekst i utslepp av næringssalt frå oppdrettsnæringa.