Klikk lenka i høgre marg for å sjå bildeserien.

— Eg skulle hatt ein gamal harpun, så skulle eg teke ein, seier Harald Sangolt (78) medan han styrer båten ut fra Skogsvåg til Raunefjorden. Ein kvalfanger er og blir ein kvalfangar.

BT får vera med ein båt ut til dei svarte tunge dyra. Vi ser dei allereie frå langt hold. Fleire småbåtar har samla seg like utanfor Skogsvåg i Sund. Ifølgje lokalbefolkninga har det ikkje vore kval nær den gamle kvalfangststaden Kvalvåg på over 15 år.

No kjem grindkvalen i flokkar mot oss. Storleiken varierer, men dei største må vera over fem meter. Dei sig fram i sakte fart. Om lag kvart minutt kjem han til opp overflata og skiftar luft. Nokon ligg heilt i ro, men vi skimtar den tydeleg svarte ryggfinnen. Nett som små miniubåtar.

Spontan kvalsafari

— Sjå der borte. Og der og der. Her er kollosalt med kval. Det må vera minst femti. Eg har aldri sett noko lignande, seier Konrad Børnes medan han snur seg. Han har ikkje ord for det han ser. Plutseleg sig tre stykker forbi, knapt to meter frå båten. Det store dyret set tydeleg pris på å vera midtpunktet for dei fem-seks småbåtane som er med på spontan kvalsafari heilt gratis. Og det verkar som kvalen er like nyfiken på oss som vi er på den.

— Det ser ut som om dei slappar godt av. Og sjå, der er ein som ligg og veltar og kosar seg, meiner Børnes.

— Ja, her er det mykje godt kjøt, mumlar den gamle kvalfangaren medan han snur båten slik at vi skal sjå betre.

Planlegg kvalfestival

I Skogsvågen, nærare bestemt Kvalvågen, har dei fanga vågekval i fleire hundre år. Den siste kvalen vart fanga i juni 1960. Lokalbefolkninga stengte dyret inne i vågen med ei kraftig not. Nota er der enno, og ordførar Albrigt Sangolt er ikkje framand på å bruka den igjen dersom grindkvalane kjem heilt inn i vågen.

— Eg er kry over at kvalen har funne vegen attende til Raunefjorden og Skogsvåg. For ein månad sidan lanserte eg eit prosjekt. Eg har lyst til å arrange ein kvalfestival. Då var det mange som smilte. Men no kan dei sjå. Kvalen er tilbake, sier ordføraren.

Egil Øen er amanuensis ved Norges Veterinærhøyskole og forskar på kval og fangst. Han fortel at grindkval er ikkje uvanleg i Noreg.

— Denne sorten kval er ganske nyfiken og let seg lett drive inn til land. Grindkvalen er den dei fangar på Færøyane, sier Øen som ikkje er overraska over at grindkvalen har tatt turen innom Raunefjorden igjen.

GRINDKVAL I FLOKK: I går ettermiddag var det over 50 kvalar i Raunefjorden i Sund utanfor Bergen. Rolege, men litt nyfikne kom grindkvalene opp til overflata for å skifta luft.
FOTO: VEGAR VALDE