Det var inntil i vår at den 30 år gamle mannen, for øvrig son av ein lensmann, praktiserte som politijurist trass i at han ikkje hadde avlagt eksamen ved Universitetet i Bergen, der han studerte jus.

Var aktor i retten

I arbeidet for politiet i Fjordane skreiv mannen ut ei rekke førelegg, tok ut siktingar og var aktor i retten heilt inntil han vart avslørt.

Det særskilde etterforskingsorganet for politisaker (SEFO), som har etterforska saka, var spesielt kritiske til at leiinga ved Fjordane politidistrikt ikkje undersøkte nærare, trass i at dei etterkvart måtte få sterke mistankar.

Nettopp dette punktet er også bakgrunnen for at Statsadvokaten no bbøtelegg politiet i Fjordane med 10.000 kroner. Dette skjer etter at SEFO i si innstilling meinte at bota burde vere på 50.000 kroner.

Ripe i lakken

Politimeister Bjørn Valvik og to av nære medarbeidarar vart etterforska for grov uforstand i tenesta. Men på dette punktet konkluderte SEFO til at einskildpersonar ikkje bør straffeforfølgjast, men at unnlatelsane i sum blir lovstridig.

Politimeister Bjørn Valvik i Fjordane sa mandag til NRK at han ikkje har avgjort om han vil godta bota. Valvik erkjenner uansett at denne saka har gitt politidistriktet ei ripe i lakken.