Den første «Fjordamat»-boka kom i 1999, og er hittil trykt i fire opplag på til saman 13.800 eksemplar.

I går presenterte Selja Forlag den nye boka, i godt tid før julehandelen. Boksleppet skjedde på tradisjonsrike Lillingston-heimen i Fjaler, der ei rekke av bileta i boka også stammar frå.

Oppfølgaren er i same store format, har nær 300 sider med rundt 250 foto frå heile Sogn og Fjordane fylke. Og meir enn 400 nye oppskrifter på tradisjonsmat.

Også denne gongen står Kari Støfringsdal og Åse Kongsvik som forfattarar saman med fotograf Oscar Andersen.

Tilnærminga i den nye boka er årstider, merkedagar og høgtider. Vi følgjer mattradisjonane gjennom året, i tillegg til høgtider i livet som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd.

Forfattarane har hatt ei brei kontaktflate til ulike distrikt, og fått besøke ei rekke familiar og selskap i situasjonar der tradisjonsmaten er framme. Matkultur og historie er sentrale tema i boka.

— Oppskriftene i boka er nye, sjølv om det er oppskrifter på mange av dei same tinga som i førre boka. Det finst så mange ulike variasjonar av same type mat, understreka forfattar Kari Støfringsdal under gårsdagens bokslepp.

— Det er strålande at så mange har opna heimane sine for oss, dette gjer boka til noko langt meir enn berre oppskrifter. Det er så mykje folk med i boka, og dei viser så tydeleg at å ete saman rundt eit bord er noko meir enn berre å få næring i seg.

ETTER PRIMSTAVEN: Trioen Åse Kongsvik, Oskar Andersen og Kari Støfringsdal har begått ein oppfølgjar til suksessen "Fjordamat". Utgangspunktet er primstavens merkedager og høgtider, her tatt vare på av vesle Åsmund (7). Foto:
Oddleiv Apneseth