Salet til Nettbuss blir presentert på ein pressekonferanse i Florø no i ettermiddag.

Fjord1 sine vurderingar, støtta av prognosar frå eksterne rådgjevarar, viser at bussmarknaden går i retning hardare konkurranse gjennom auka bruk av anbod. Med dei utfordringane marknaden står framfor, meiner selskapet at dette er rett tid til å foreta eit sal av delar av bussverksemda.

Blir majoritetseigar

— Fjord1 har lenge signalisert at dei vil fokusere på ferje- og hurtigbåtdrifta. I vinter selde dei også godsbildelen av selskapet til Firda Billag.

Fjord1 driv i dag bussverksemda si frå Sogndal, Stryn og Volda, og slik skal det også halde fram etter at Nettbuss blir majoritetseigar.

Nettbuss har dei seinaste ti åra bygd seg opp til å verte ein av dei største bussaktørane i Norden, og den største innanlands.

- Ein vinnar

— I tillegg til å utfylle Nettbuss si ruteverksemd, vil styrke satsinga på ekspressbuss i Norge. Vi har tru på at eit selskap med Nettbuss og Fjord1 som eigarar vil verte ein vinnar når anboda kjem, seier Arne Veggeland, konsernsjef i Nettbuss.

Fjord1 er av dei største transportkonserna i landet med kjerneverksemd innan ferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift, bussdrift, reiseliv og godstransport. Konsernet har vel 2100 tilsette og omsette i 2010 for vel ter milliardar kroner. Samla opererer selskapa i konsernet 68 ferjer, 14 hurtigbåtar og meir enn 350 bussar. Konsernadministrasjonen er i Florø.