Salet til Nettbuss blirpresentert på ein pressekonferanse i Florø no i ettermiddag.

Fjord1 sine vurderingar,støtta av prognosar frå eksterne rådgjevarar, viser at bussmarknaden går iretning hardare konkurranse gjennom auka bruk av anbod. Med dei utfordringanemarknaden står framfor, meiner selskapet at dette er rett tid til å foreta eitsal av delar av bussverksemda.

Blir majoritetseigar

— Fjord1 har lenge signalisertat dei vil fokusere på ferje- og hurtigbåtdrifta. I vinter selde dei ogsågodsbildelen av selskapet til Firda Billag.

Fjord1 driv i dag bussverksemdasi frå Sogndal, Stryn og Volda, og slik skal det også halde fram etter atNettbuss blir majoritetseigar.

Nettbuss har dei seinaste tiåra bygd seg opp til å verte ein av dei største bussaktørane i Norden, og denstørste innanlands.

- Ein vinnar

— Itillegg til å utfylle Nettbuss si ruteverksemd, vil styrke satsinga påekspressbuss i Norge. Vi har tru på at eit selskap med Nettbuss og Fjord1 someigarar vil verte ein vinnar når anboda kjem, seier Arne Veggeland, konsernsjefi Nettbuss.

Fjord1er av dei største transportkonserna i landet med kjerneverksemd innanferjedrift, passasjer- og ekspressbåtdrift, bussdrift, reiseliv oggodstransport. Konsernet har vel 2100 tilsette og omsette i 2010 for vel termilliardar kroner. Samla opererer selskapa i konsernet 68 ferjer, 14hurtigbåtar og meir enn 350 bussar. Konsernadministrasjonen er i Florø.