Den uvanlege situasjonen i eit av dei største transportselskapa i landet, blei onsdag drøfta bak stengde dører av største eigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkesordførar Nils R. Sandal seier Jarle Skartun framleis har full tillit hos eigaren. Konklusjonen etter møtet er at Skartun blir sitjande, i første omgang fram til ordinær generalforsamling i selskapet neste år.

— Betyr dette at Skartun også blir styreleiar etter neste generalforsamling?

— Det er for tidleg å seie noko om, svarar fylkesordføraren.

Mistillit

Mellom dei tilsette i Fylkesbaatane, eitt av dei største dotterselskap i Fjord1, har det lenge vore misnøye med måten den tidlegare songndalordføraren har leia styret på. Dei tillitsvalde har klart gitt uttrykk for at dei meiner Skartun har vore for svak i å forsvare interessene til Sogn og Fjordane og Fylkesbaatane etter samanslåinga med Møre og Romsdal Fylkesbåtar.

Situasjonen toppa seg då Skartun tidlegare i år brukte dobbeltrøysta si for å plassere innkjøpsfunksjonen i konsernet i Molde, og ikkje Florø der hovudkontoret ligg. Avgjerda var stikk i strid med tilrådinga frå leiargruppa i konsernet og styret i Fylkesbaatane. Skartun gjekk også mot dei andre Fjord1-styremedlemene frå Sogn og Fjordane.

Styreleiaren valde i staden å innta same standpunkt som konsernsjef Olav Smørdal, som ville ha innkjøpsfunksjonen til Molde. Dei tilsette i Florø har også kritisert Skartun for å ha for tette band til konsernsjefen.

Etter at den omstridde avgjerda blei teken, gjekk dei tillitsvalde i Fylkesbaatane ut og kravde at Skartun blei skifta ut. Dei meinte han ikkje var rett person til å representere interessene til største eigaren.

Full storm

Så vel fylkesordførar Nils R. Sandal som varaordførar Tor Bremer flagga tidleg tillit til styreleiaren. Andre sentrale fylkespolitikarar har derimot gitt uttrykk for skepsis, mellom dei Aps Harry Mowatt. Han gav før valet uttrykk for at dersom uroa held fram, kan det få konsekvensar for styreleiaren. For det er ikkje første gongen Skartun står ved roret i grov sjø. Også i 2004 kravde dei tilsette i Fylkesbaatane hans avgang, og sidan har selskapet levd med ein meir eller mindre i konstant tilstand av mistillit.

Etter at uroa blei drøfta i fylkesutvalet onsdag, er den offisielle versjonen at fylkespolitikarane no samla stiller seg bak at Skartun skal halde fram til neste ordinære generalforsamling.

Avklaring

Om Skartun får halde fram også etter det, kan bli avklara dei neste vekene. Sp og Ap har siste åra delt på å ha styreleiarverva i dei to største selskapa som fylkeskommunen eig. Sp har hatt styrevervet i Fjord1 og Ap i Sogn og Fjordane Energi (SFE). Dei to partia er samde om at det skal vere slik også kommande valperiode, men har ikkje avgjort kven som skal ha kva. Dersom Ap overtek Fjord1, er Skartuns dagar talte.

— Eg reknar med at fordelinga av styreverva blir klart om ikkje så lenge, seier Sandal.

Posisjonane må vere fordelte til 23. oktober. Då skal fylkestinget konstituere seg.

UVISST: Om Jarle Skartun held fram som styreleiar i Fjord1 Fylkesbaatane blir avklara i løpet av nokre veker. ARKIVFOTO: SOGN AVIS