Ifølgje «kaffe-om bord-lista» til selskapet er det reisande med ferjene Rysjedalsvika-Krakhella, Eikenes-Dale og i Askvollsektoren som må ha med termos, om dei vil nyte kaffen om bord under overfarten.

Og Fjord 1 er også konsekvente når selskapet går til innkjøp. Det går berre i Friele-kaffe på fylgjande samband: Mannheller-Fodnes, Vangsnes/Hell-Dragsvik, Oppedal-Lavik i Sogn og på Smørhamn-Kjelkenes, Måløy-Oldeide, Isane-Stårheim og Anda-Lote i Nordfjord. På sommarsambandet Gudvangen— Kaupanger-Lærdal garanterer Fjord 1 Frielekaffe i kiosken, når rutene startar opp igjen i mai.