JOHN LINDEBOTTEN

john.lindebotten@bt.no

Dette betyr at Fjord 1 har tinga fem ferjer med plass til 198 bilar og fullt overbygg. Aker Brattvaag skal byggja ferjene.

Det betyr og at Fjord 1 har gått bort frå planen om å byggja to av dei fem ferjene mindre, med plass til 145 bilar og overbygg berre langs eine sida. Fjord 1 ville opphavleg setja desse to småferjene inn i sambandet Halhjem-Sandvikvåg saman med ei stor, og dette har møtt sterk kritikk i Hordaland. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har sendt brev til samferdsleminister Torild Skogsholm om saka, og det same har stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, KrF.

Kritikken har særleg gått på at to ferjer med ope bildekk var lite eigna til trafikk på ein såpass verhard strekning som Bjørnefjorden og Selbjørnsfjorden. Og bilane på det opne dekket ville vera særleg utsette for salt sjøsprøyt.

No har Sørfonn fått svar frå Skogsholm, og der nemner statsråden at Fjord 1 skal byggja berre store og overbygde ferjer.