JOHN LINDEBOTTEN

Difor vart ferjesjef Svein Solheim og konserndirektør Hallgeir Kleppe i Fjord 1 dei store triumfatorane på Grand Hotel i Oslo i går morgon, då vegdirektør Olav Søfteland las opp kven som hadde fått tilslaget.

Ingen frå HSD/Stavangerske var til stades. Det er dei kanskje glade for i ettertid.

— Eg tenkjer sjølvsagt på dei i HSD no. Dei er gode kollegaer, og no har dei det tøft. Vi møttest berre for få dagar sidan. Då snakka vi sjølvsagt om denne konkurransen mellom oss, og vi var samde om å ha eit godt tilhøve også i framtida, same kva utfallet vart, seier Svein Solheim til Bergens Tidende.

— Angrar de ikkje no på at det ikkje gav eit mykje høgare tilbod, når de ser skilnaden opp til HSD?

— Vi har levert eit tilbod som vi kan stå for, seier Svein Solheim.

Potte tett

— Han forsikrar at verken han eller Hallgeir Kleppe visste noko som helst om utfallet før dei møtte opp på Grand Hotel.

— Forhandlarane frå Vegdirektoratet har vore tvers gjennom profesjonelle heile tida, og dei har halde potte tett, seier Solheim.

154,4 millionar er prisen staten må betala for tilbodet frå Fjord 1, som er ein samanslutnad av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Det gjeld drift av tre store, nye gassferjer mellom Halhjem og Sandvikvåg og to nye gassferjer mellom Arsvågen og Mortevika (Boknafjorden) frå 1. januar 2007 til 31. desember 2016.

Det gjev eit snitt på 15,4 millionar i tilskot for året. Vegdirektoratet opplyser at gjennomsnittleg tilskot dei siste åra har vore 19 millionar kroner for dei to ferjesambanda.

HSD/Stavangerske sitt tilbod for fem ferjer i same perioden var 732,8 millionar kroner.

Realistisk tilbod

Då hjelpte det ikkje det grann at HSD/Stavangerske tilbaud ferjer som både var større og skulle gå fortare enn Fjord 1 sine. Der var skilnaden likevel for liten til at han kunne vega opp skilnaden i pris.

— Vi skal gå Halhjem-Sandvikvåg på 37 minuttar, og ha 30 minuttar mellom avgangane i periodane med stor trafikk, seier ferjesjef i Fjord 1, Svein Solheim, til Bergens Tidende.

I dag tek turen 50 minuttar.

— På Arsvågen-Mortevika skal vi bruka 22 minuttar, seier han.

— Fjord 1 sitt tilbod kostar staten langt over 50 millionar kroner mindre i året enn HSD sitt tilbod. Eg har stilt mange kritiske spørsmål undervegs i denne prosessen, og fått gode svar. Så eg ser på tilbodet frå Fjord 1 som realistisk, seier vegdirektør Olav Søfteland.

Dyre knop

Verken Solheim eller Søfteland ville i går gå nærare inn på kva som utgjorde den kolossale skilnaden i pris på dei to tilboda. Mykje av dette er såkalla bedriftsinterne opplysningar. Men ein god del av dette ligg sjølvsagt i storleiken på ferjene og farten. (Sjå grafikk).

— Når vi kjem opp i så stor fart som dette, over 20 knop med så store båtar, då stig gassforbruket bratt for kvart einaste knop, seier Svein Solheim.

— Løner tyngjer og på utgiftene. Vi arbeider med ein bemanningsmodell som vi diskuterer med dei tilsette sine organisasjonar. Eg reknar med at vi treng 90 til 100 personar på dei fem ferjene, seier Solheim.

Trafikkauke

— Korleis skal ferjene fordelast?

— To av dei største, 198 bilar, skal gå på Arsvågen-Mortevika. Så skal ei stor og to av dei mindre, 145 bilar, gå på Halhjem-Sandvikvåg. Det er den fordelinga vi har funne er best også med omsyn til behovet for reserveferje når det trengst.

— Har det rekna med noko vesentleg trafikkauke på desse ferjestrekningane?

— Det har vi sjølvsagt. Eg vil ikkje seia kor mykje, men vi trur at eit betre ferjetilbod også vil føra til meir trafikk. Det gjev auke inntekter, og det tok vi sjølvsagt omsyn til då vi rekna ut tilbodet vårt til staten.

Ferjesjef Svein Solheim i Fjord 1