Fjord1 vann eit anbod på fire ferjeruter i Møre og Romsdal i 2007.

Tide, som også var med i konkurransen om rutene, meinte prisen sogningane tok for anbodet var altfor låg.

Tide meinte dette berre kunne forklarast med at Fjord1 hadde nytta seg av offentleg støtte. Sogn og Fjordane fylkeskommune måtte ha overført pengar til transportselskapet.

ESA, kontrollorganet for EØS-avtalen, har no behandla klagen frå Tide og avgjort at Fjord 1 ikkje fuska med offentlege pengar i anbodet.

— Avgjerda var ikkje overraskande. Tide hadde ingenting å fare med i klagen, seier fylkesrådmann i Sogn og Fjordane Jan Øhlckers i ei pressemelding.

Han er glad for avgjerda, men meiner det har tatt alt for lang tid å koma fram til dette resultatet.

— Tide har påført oss mykje arbeid og store prosesskostnader som vi ikkje får refundert, slår han fast.

Les pressemeldinga frå ESA.