Det stadfestar Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding i dag.

«Fylkesrådmann Jan Øhlckers er tilfreds med at vi no har sikra eit tilbod med ruteopplegg som i dag. Det er gledeleg at Fjord1 Fylkesbaatane i løpet av første året vil sette inn 2 nye ekspressbåtar, som vil gje vesentleg miljøgevinst», skriv fylkeskommunen.

Protesterte

Fjord 1 fekk ingen konkurranse i Sogn og Fjordane då anbodsrunden vart lyst ut.

I april bad Tide og andre store transportørar departementet leggje press på fylket for å stoppe det dei meinte var ein ulovleg konkurranse.

Dei meiner utlysinga var skreddarsydd for at fylkets eige selskap, Fjord1, skal få storavtalen, mellom anna fordi tida frå utlysing til anbodsfrist var så kort at berre dagens operatør kunne by. Fjord1 køyrer i dag alle rutene.

Einaste bod

Fjord1 var den einaste som la inn bod. Samferdsledepartementet ville ikkje gripe inn:

Konkurranseutsetjinga er største båtanbodet i landet. I alt omfattar utlysinga 16 båtruter Sogn og Fjordane fylkeskommune driv i dag. Flesteparten av rutene er lokale samband, men hurtigbåtsambanda frå Nordfjord og Sogn til Bergen er også med i utlysinga.

Fjord1 skal drive båtrutene til 1. mai 2012. Før denne perioden er over, skal det gjennomførast ein ny anbodsrunde for ein lengre periode, truleg ti år.

DRAR: Vingtor seglar ut Vågen. Hurtigbåtruta til Sogn vil truleg fortsatt vere driven av Fjord 1.
TOR HØVIK (ARKIV)