JOHN LINDEBOTTEN

Dette betyr at Fjord 1 har tinga fem ferjer med plass til 198 bilar og fullt overbygg. Aker Brattvaag skal byggja ferjene.

Det betyr og at Fjord 1 har gått bort frå planen om å byggja to av dei fem ferjene mindre, med plass til 145 bilar og overbygg berre langs eine sida. Fjord 1 ville opphavleg setja desse to småferjene inn i sambandet Halhjem-Sandvikvåg saman med ei stor, og dette har møtt sterk kritikk i Hordaland. Samarbeidsrådet for Sunnhordland har sendt brev til samferdsleminister Torild Skogsholm om saka, og det same har stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn, KrF.

Kritikken har særleg gått på at to ferjer med ope bildekk var lite eigna til trafikk på ein såpass vêrhard strekning som Bjørnefjorden og Selbjørnsfjorden.

No har Sørfonn fått svar frå Skogsholm, og der nemner statsråden at Fjord 1 skal byggja berre store og overbygde ferjer.

— Dette var svært gledeleg, og eg tolkar det slik at Fjord 1 har merka presset frå oss, seier Ingebrigt Sørfonn til Bergens Tidende.

— Vi er glade for at Fjord 1 har teke signala på alvor og leverer ferjer som er store nok, seier Austevoll-ordførar Helge André Njaastad, som er leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

— Nei, dette har ingenting med diskusjonen i Hordaland å gjera, parerer administrerande direktør Olav Smørdal i Fjord 1. - At vi byggjer fem store ferjer, skuldast ei ny redningsmiddelforskrift som vart vedteken av Sjøfartsdirektoratet i oktober 2004. Gjennomføringa av desse forskriftene ville ført til store omleggingar av planane for dei to minste ferjene, seier Olav Smørdal.