Siste frist for å fjerne PCB i lysarmatur er 31. desember 2007, men både Austrheim, Samnanger, Jondal og Tysnes har planlagd uskifting etter fristen. No har Fylkesmannen har derfor sendt varsel om tvangsmulkt på 50 000,— til desse kommunane.

Alle har framleis PCB-haldige kondensatorar i sine bygg.

Polyklorerte bifenyler (PCB) er ein av dei farlegaste gruppene miljøgifter vi kjenner til. Frå rundt 1960 til 1980 vart PCB nytta i mellom anna kondensatorar i nokre typar lysarmatur, i isolerglassruter og som tilsetjingsstoff i måling og fuger.

Fylkesmannen vurderer å sende ut varsel til fleire byggeigarar framover, også private.