Mellom 17 og 19 i kveld startar bergingsmannskap arbeidet med å fjerne ein trailer som ligg i grøfta rett på sida av Melsvatnet på Voss.

Traileren velta måndag kveld.

— E 16 blir delvis stengt under bergingsarbeidet. Mindre kjøretøy kan passere etter dirigering, medan større kjøretøy kan passere i puljer, seier politibetjent Jostein Skeie i Voss lensmannsdistrikt.

Dei reknar med arbeidet tar to timar.

Traileren var på veg frå Bergen til Oslo med kaffi, då den hamna utanfor vegkanten på E 16.

– Eg kjende at hjula på tralla kom utanfor asfaltkanten, fortel sjåføren til Avisa Hordaland.

Han brukte bilbelte og meiner det hindra at han vart skadd i velten.