Han føreslår at 144.000 kroner blir tatt vekk frå budsjettet som totalt må omfordelast med omlag to komma sju millionar kroner neste år.

Sakshandsamar Trine P. Grønbech seier til Kystradioen at etter pålegg om å redusera budsjettet, har avdelinga blitt nøydd til å prioritera lovpålagte oppgåver.

Støtte til ferietur for psykisk utviklingshemma er eit døme på ei ikkje-lovpålagt oppgåve.

Hovudutval for helse og omsorg skal drøfta budsjettet på tysdag i neste veke.