Snart er dei i gang igjen, og du skal ikkje langt utanfor bykjernen for å merke det: Bønder som sender kaskader av møkk gjennom lufta og ut på marka. Stanken set seg fast i lang tid, både i bilar og i klede.

Columbi egg

Det er eit columbi egg sivilagronom Torstein Mo i Ytre Romsdal og Nordmøre forsøksring har funne i produktet biokalk. Det fjernar lukt, hindrar utvikling av skadelege gassar og sparer miljøet samt bonden for arbeid og store investeringar.

— Denne kalken var rekna som eit reint avfallsprodukt frå produksjonen til firmaet Hustadmarmor AS her på Elnesvågen, seier Mo. - Vi har no sendt store mengder kalkblanding med tankbåt til Jæren, der bøndene har svært gode erfaringar. Ikkje berre slepp dei den vonde lukta, dei får kalka jordene sine i same operasjonen.

Norges Bondelag har berekna at nye EU-krav til gjødsling vil koste norske bønder ein plass mellom 20 og 30 milliardar kroner i nytt utstyr.

— Desse investeringane kan dei faktisk sleppe ved å bruke kalk i gjødsla, seier Mo.

Sidan 1994 har Mo og kollegane i forsøksringen eksperimentert med gjødselkalk. Den er svært finkorna, og blir blanda rett i gjødselkjellaren. Best er effekten på det som luktar aller verst, nemleg grisemøkk. Men også vanleg kumøkk blir nærast luktfri. Kalken verkar berre på dyr som har fått gras og høy som for, og ikkje hovudsakleg kraftfor.

Sivilagronomen rekner med at iallfall 70 prosent av den vonde lukta forsvinn ved bruk av kalken. I tillegg gjer blandinga at gjødsla blir meir effektivt tatt opp i jordsmonnet, og har også vist seg å hemme ugrasvekst og samling av fluger.

Kalken er eit biprodukt av dei fleire hundre tonn marmor og kalkstein som kvart døgn blir skipa ut frå Elnesvågen.