— Ei liknande plattformfjerning har aldri vore utført tidlegare, og det er all grunn til å gratulera alle involverte med innsatsen, seier adm.dir. Torleif Gram i Aker Offshore Partner (AOP) som har hatt ansvar for kontrakten med oljeselskapet Phillips på fjerning av plattformkjempa "Maureen" frå britisk sektor i Nordsjøen. - Eit vanskeleg prosjekt som er utført med suksess, konkluderte Stig S. Kvendseth i Phillips på Stord i går ettermiddag. Der var den 110.000 tonn tunge stålplattforma "Maureen" i ferd med å bli ankra opp i Digernessundet etter ein 82 timars slepetur frå feltet på britisk sektor, like ved det norske Sleipner-feltet.Og det er litt av ei kjempe som no ruvar i landskapet i Sunnhordland etter å ha pumpa opp olje frå havet sidan 1983. 223 millionar tonn råolje har "Maureen" produsert, fram til produksjonen blei stansa i oktober 1999. 239 meter strekkjer plattforma seg frå botn til toppen av flammetårnet, ei plattform som er klar for nye oppdrag. - Ein av dei spesielle tinga med Maureen-plattforma er at den blei laga med tanke på gjenbruk. Phillips har i fem år prøvd å finna nye selskap som kan overta plattforma til meir oljeproduksjon, noko ho vil kunna utføra i 20-30 år til, etter ei viss ombygging. Me har vore i kontakt med nærare hundre interessentar, og har frist på oss til like over nyttår med å finna kjøpar til plattforma, men etter som tida går svinn håpet om ei slik løysing, seier Stig S. Kvendseth i Phillips.