Barnehagen ligg tett inntil den høgt trafikkerte E39. Statens vegvesen fjerna gangfeltet over vegen fordi dei meiner det var trafikkfarleg slik det låg uoversiktleg til på ein bakketopp, skriv avisa Firda.

Vidar Taklo, leiar i Ålhus ungdoms— og grendalag, seier til avisa at det er endå farlegare utan gangfelt. – Vegvesenet gjer ikkje noko anna enn å redde seg sjølv. No har dei ikkje ansvar lenger , om det skulle skje noko, seier han.

Ingeniør Steinar Håvik i Statens vegvesener seier at det er til fotgjengarane sitt beste at gangfeltet er fjerna.

Ordførar Gerd Dvergsdal i Jølster vil oppmode Statens vegvesen til å måle opp att gangfeltet ved barnehagen i Ålhus.