Søndag kveld var brannen sløkt. Men brannvesenet i Selje fryktar brannen kan ta til att om det aukar på med vinden, og vil difor halde vakt i alle fall til i morgon tidleg.

På Stadlandet var situasjonen mest dramatisk laurdag kveld og natt til søndag. På det mest kritiske var flammane berre kring 100 meter frå busetnaden i bygda Refsnes. Ein bensinstasjon, butikken og fem bustadhus var i fare.

— Då var vi ganske nær at dette kunne gått skikkeleg gale. Men med god hjelp av mange frivillige og bønder med tankvogner greidde vi å halde stand. Og søndag morgon fekk vi hjelp av helikopter, så då var dramatikken over, fortel konstituert brannsjef Steinar Hatlelid.

Bortimot 120 personar frå Heimevernet, Sivilforsvaret, brannmannskap i fleire kommunar, politi og frivillige har teke del i sløkkingsarbeidet.

— Det har vore hardt arbeid og lite søvn, seier Hatlelid.