Ole Berge Drægni kunne tatt forsikringspengane på 18 millionar, selt resten av Turtagrø og levd Herrens glade dagar. I staden skrur han saman møblar til midt på natta og satsar millionar på eit risikoprosjekt: Byggje opp att klatresportens vogge.

— Eg hadde eit alternativ. Og eg tenkte på det. Men det er dette som er mitt liv, seier han og ser utover den uferdige peisestova.

Det totale kaos

Der spring møbelsnikkarar, elektrikarar, datafolk og bygningsarbeidarar rundt i det som frå utsida verkar som eit fullkome kaos. Dagane er få til dei første gjestene skal skrive seg inn i resepsjonen. Tempoet er skrudd opp, innspurten i gang. 1. mai skal nye Turtagrø opne.

— Alle spør korleis vi skal bli ferdige. Svaret er at vi berre må bli det.

Natta før var han oppe til klokka tre.

— Stressar du?

— Ikkje i dag. For no er alle her som skal vere her. Eg blir meir stressa når folk er vekke.

- Ei veke å gråte på

Natt til onsdag 24. januar 2001 brann Turtagrø Hotel ned til grunnen. Berre pipa stod att. Brannen førte til sorgreaksjonar i både norsk og utanlandsk fjellsportmiljø.

— På seks veker stod ikkje telefonen. Alle ringde. Støtta vi fekk var utruleg. Det motiverte meg til å gå i gang med oppbygginga.

Nokre dagar etter brannen formidla tanta til Drægni kontakt med eit av dei mest kjende arkitektfirma i landet, Jarmund og Vigsnæs.

— Vi hadde ei veke å gråte på. Sidan har det gått i ein vanvittig fart.

Ein månad etter storbrannen var arkitektane på første synfaringa. Seks veker seinare la dei fram eit ferdig konsept, nøyaktig likt bygget som reiser seg i dag.

— Eg hadde sett målet om å opne 1. mai i år. Skulle vi greie det, måtte vi berre treffe på første forsøk. Det gjorde vi.

Moderne bygg

Nye Turtagrø Hotel er vesensforskjellig frå det ærverdige trehotellet som brann. Det er eit moderne bygg inspirert av fjellheimen. Målet for arkitekt Håkon Vigsnæs, som har teikna nyehotellet, har vore å lage eit bygg som skal høyre fjellet til. Eit byggverk som skal samtale med den dramatiske naturen i Vest-Jotunheimen.

— Til meir eg ser på det, til meir kjenner eg at bygget er eit uttrykk for omgjevnadene.

Stilen er enkel, men gjennomført. Resepsjonen er det første gjestene møter.

— Tanken har vore å føre vidare intimiteten i gamlehotellet. Gjestene skal komme nær vertskapet. Slik har det alltid vore på Turtagrø. Den grunnleggande logikken i bygget håpar eg folk vil kjenne att, seier Ole Berge Drægni.

Arkitektteikna møblar

På kvar side av resepsjonen ligg matsalen og peisestova. Innanfor peisestova er det laga til bibliotek. Dei 19 romma ligg i andre og tredje høgda, alle med bad. Alle romma skal få sitt eige tema frå fjellsporten. I tårnet, sentralt på bygget og ein arkitektonisk illustrasjon av kvasse tindar, ligg dei gjevaste, med spektakulært utsyn i fleire himmelretningar. Romprisen for ei natt på toppen av Turtagrø blir truleg kring 1500 kroner.

Møblementet i heile bygget er arkitektteikna, laga av den lokale bedrifta Sognatre og unikt for Turtagrø. Berre sengene på romma og møblar som står laust er masseprodusert.

Fotosamlinga intakt

På veggene er fotografia som fortel om fjellsportens historie i ferd med å komme opp. Mor til Ole Drægni fekk Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane til å avfotografere dei viktigaste bilda i Noregs største fotosamling frå klatrehistoria. Dermed er den imponerande fotosamlinga stort sett intakt, om enn ikkje i originalversjon.

— Eg er henne evig takknemleg for det. Vi har ramma inn 275 bilde.

Den minst like imponerande litteratursamlinga, samla av familien i meir enn 100 år, gjekk derimot tapt i brannen.

— Å byggje opp ei tilsvarande boksamling er eit langtidsprosjekt.

I kjellaren, som ikkje blir ferdig før i slutten av juli, skal det mellom anna vere eit stort konferanserom.

Eigen identitet

— Tenkte du nokon gong på å byggje opp att slik det var?

— Ja. I 48 timar.

Då konkluderte Ole Berge Drægni ut at det aldri ville gå å rekonstruere gamlebygget.

— Alderen gav det bygget stemning og patina. Vi ville aldri greidd å skape det att i eit nytt tilsvarande bygg. Det ville vore eit skal rundt noko som ikkje var lenger. Dessutan var gamlehotellet, då det var bygt, veldig moderne for si tid. Slik dette er i dag. For meg har det vore ei drivkraft å skape ein stad som har sin eigen identitet.

— Men kva om fjellfolket føler at dette bygget ikkje er deira, slik det gamle var? At tradisjonen blir broten?

— Tanken har gitt meg søvnlause netter. Men eg trur vi skal greie det, å føre fjellsportens vogge vidare.

SNART FERDIG: Slik ser det ut, det nye hotellet på Turtagrø, og handverkarane jobbar under høgtrykk for å få det ferdig til opninga 1. mai.
Foto: Rune Sævig