Det er strekninga mellom krysset med E16 på Dalseid og fram til Straume, der vegen kryssar Bolstadfjorden som no får ein ny omgang med spettet.

Måndag i veka som gjekk, deiste ein ganske stor stein ned i vegen, ikkje langt frå Dalseid. Steinen gjorde ein del skade på asfalten, men berre på utsida av den kvite stripa.

Det er alltid fare for nye steinsprang på denne vegen. Han går gjennom eit fjordlandskap i sterk forvitring.

Medan arbeidet går føre seg mellom klokka 07 og 17 måndag og tysdag, vert vegen stengt i periodar inntil ein halv time. Bussar i rute og utrykkingskøyrety vil få høve til å passera.

STEINSPRANG: Denne steinen fall ned sist måndag.
Arne Hofseth