Det finst fleire slags fjellvandrarar. Du har hurtigtypen. Han som hastar avgarde, og som set si ære i å koma raskast mogeleg fram frå den eine hytta til den andre.

Fjellnytaren derimot satsar på at det er ei ledig seng når han kjem fram langt utpå dagen. Han vil ha med seg mest mogeleg oppleving under vegs. Det er hans som tek seg tid til å undra seg over landskapsformene, studera blomane, nyta stilla og gle seg over synet av elva som buktar seg nedover dalen. Fotograf Arvid Aga frå Ullensvang ferdast mykje i fjellet. Han har møtt mange av den hastige typen. — Dei har det frykteleg travelt. Det kan sjå ut som om dei ikkje ser etter anna enn raude t-ar, seier han. Aga tok desse bileta ved Munkabu på Vest-Vidda i sist veke.

— Det er så fint i fjellet nett no, så mange ulike blomar og så rikt fugleliv. Fleire burde ta seg tid til å leggja merke til dette medan dei er undervegs, meiner han. Den kalkrike berggrunnen mellom Litlos og Stavali skaper ein spesielt rik flora i dette området. Så snart snøen smeltar, dukkar raudsildra opp i grusen. Dei raude mattene breier seg som fargeklattar over alt. Og fjellsmella fargelegg fjellet, først med sine lysegrøne puter, så med raude blomar som luktar nellik. Issoleia er ikkje så stor, men ho er kraftig. Ho kneisar som ein konge på haugen, og med god grunn. Ho er ei av dei vanlegaste plantene i høgfjellet. Og ingen annan blomstrande plante veks høgare til fjells her i landet. Ho er registrert på 2370 meter over havet. - Gjestene våre har ofte med seg små bukettar når dei kjem fram til hytta, fortel hyttevert Odd Arne Espeland på Stavali Turisthytte. - Dei fornyar heile tida vasen som står her i resepsjonen, så er heldigvis mange som har auga for blomane i fjellet, seier han.

FJELLSMELLE: Så snart snøen smeltar, startar fargelegginga av fjellet. Fjellsmella trivst ved Veivatnet på Vest-Vidda.
FOTO: ARVID AGA