HANS MJELVA

Teknisk etat oppdaga steinfyllinga, som går ut i sjøen, under ei synfaring for ei garasje ekteparet ikkje har fått godkjenning for å oppføre, skriv VestNytt.

Grete Knudsens ektemann Gjert seier til avisa at han aldri har opplevd maken til "Molboland" før. Entreprenøren hevdar at fyllinga er lovleg, og viser til plan— og bygningslova.

— Her står det at ei fylling ikkje treng meldast "dersom avvik frå opphavleg terreng er mindre enn 3 meter i spreiddbygde strøk, og 1,5 meter i tettbygde strøk." Då eg konfronterte dei med dette, hevda dei at eg bur i tettbygd strøk. Tenkje seg til... Når har ein fått det på Bjorøy, spør Knudsen, som flytta dit med kona for to år sidan.