HANS K. MJELVA

I eit trongt kommunebudsjett har koalisjonen som styrer Fjell kommune funne plass til ei opprusting av planavdelinga. Dei set av ein halv million kroner ekstra i neste års budsjett til kampen mot ulovleg bygging.

— Vi er ei vekstkommune og vi har, eg vil ikkje seie eit problem, men vi har tilfelle av ulovleg bygging, seier leiar i komite for finans og forvaltning, Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).

Koalisjonen av Sotralista, KrF, Ap og Sp vart måndag samde om neste års budsjett. Eit par av dei mest kontroversielle forslaga frå rådmannen er droppa. Det blir mellom anna ikkje noko nytt hopp i heimehjelpssatsane, byggesaksgebyra eller skulefritidsordninga.

Den største innstramminga skjer ved at det ikkje blir tilsett vikarar når stillingar blir ledige (2,3 millionar). I tillegg skal foreldrebetalinga for kulturskulen aukast til 2000 kroner per år, pengar som skal gå til å utvide tilbodet. Dessutan blir avgifta på tryggleiksalarmar auka.

Forslaget rådmannen la fram tidleg i november hadde eit minus på 6,5 millionar kroner. Politikarane har auka utgiftene gjennom satsinga mot ulovleg utbygging, samstundes som dei løyver 400.000 kroner ekstra til å utvide opningstida i ungdomsklubbane.

På inntektssida gav budsjettforliket mellom regjeringa og Frp Fjell 2,5 millionar kroner meir neste år. Resten blir i hovudsak dekt inn ved at driftsutgifter blir henta frå investeringsbudsjett og driftsfond.

Stoda i Fjell er difor langt betre enn i nabokommunen Askøy, som neste år må kutte 31 millionar kroner på driftsbudsjettet.

— Vi var der i 2001-2002. Då reduserte vi med 34 stillingar i løpet av eit år. Så vi er på ein måte ferdig med den prosessen som Askøy er inne i no, seier Bjorøy.