Kommunestyret vedtok dette torsdag kveld etter ein til dels oppheta debatt.

Vedtaket blei gjort med røystene til Frp, Høgre, KrF og SV.

Nestleiar i grendalaget, Jan Bjarte Fjell, seier til Kystradioen at det heile er ein stor vits og at fleirtalet har avgjort saka på førehand.

Mindretalet, Ap, Sotralista, Venstre, Senterpartiet og ein representant frå Høgre,ville ikkje leggja ned skulen nå, men venta med ei slik vurdering til skulebruksplanen kjem.

Ranveig Frøiland (Ap) hevda blant anna at fleirtalet ville bruka innsparinga på nedleggjing av skulen til å finansiera løna politiske stillingar. Sotralista vil kreva lovlegkontroll av vedtaket.

Kva synest du om at skulen vert nedlagd? Sei di meining i kommentarfeltet under.