Som grafikken viser, blir eksempelvis Oslo Plaza — Noregs høgaste bygning - med sine 177 meter reine småguten i samanlikning.

— Så vidt eg veit eksisterer det berre nokre få møller av tilsvarande storleik nede på kontinentet, seier direktør Håkon Sandvik i Vestavind kraft AS, som er eigd av sju etablerte kraftselskap.

- Må trø varsamt

Ei rekke instansar og privatpersonar har levert høyringsfråsegn om prosjektet. Viktige aktørar som Direktoratet for Naturforvaltning, Fylkesmannen og fylkeskommunen har alle konkludert med at utbygginga kan vere akseptabel - med ein del atterhald om nye undersøkingar og avbøtande tiltak.

— Vi er klar over at vi må trø varsamt på ein del punkt. Som utbyggjar er vi spesielt opptekne av at kulturminne og biologisk mangfald blir hegna om, seier Sandvik.

Den desidert mest omfattande og grundige høyringsuttalen kjem frå Sogn og Fjordane Turlag, som blant anna meiner konsekvensane for båtturisme og friluftsliv er bagatellisert i konsekvensutgreiinga.

Vestavind Kraft har søkt om to alternativ storleikar på vindmøllene: Anten ti av typen 198,5 meters høgd/6 MW, eller 19 mindre møller på 2 MW.

Veit ikkje kva som er verst

I si høyringsuttale peikar turlaget blant anna på at dei største møllene vil bli synlege over eit svært stort område. Og dersom alle planlagde vindkraftverk i området skulle få godkjenning, noko turlaget skriv at «ikkje må skje», vil eksempelvis turistane på Hurtigruta ha minimum eitt til fire vindkraftverk i sikte under 98 prosent av si segling langs kysten av Sogn og Fjordane.

Men overraskande nok går ikkje turlaget bastant ut mot dei rekordstore møllene kontra den mindre varianten

  • Her er vi veldig i tvil om kva som vil verte minst ille, skriv Alvar Melvær I Sogn og Fjordane turlag.

Han peikar på at dei største møllene vil bli svært godt synlege og dominerande I landskapet.

— På den andre sida blir det nokså få turbinar, noko som gjev eit ryddigare inntrykk, heiter det i høyringsuttalen. (...) Med mange (mindre, red. merkn.) turbinar vil vindkraftverket framstå som mykje meir uryddig, avhengig av kva retning ein ser det frå. Vi er svært i tvil om kva vi skal fråråde minst sterkt!

Hyttebygging i ettertid

Turlaget viser elles til detaljerte konfliktar med friluftsliv, reiseliv, fugleliv, kulturminne, bustader og hytter når dei går imot utbygginga i sin konklusjon.

  • Eit vindkraftanlegg kan både sjåast og høyrast, seier Håkon Sandvik i Vestavind Kraft AS. - Vi veit at ein del hytteeigarar vil bli påverka. Men samtidig veit vi at dei aller fleste hyttene i området faktisk er etablert etter at det vart kjent at det kunne kome eit vindkraftanlegg i området. Det skjedde tidleg på 200-talet.

Selskapet har fått signal om at konsesjonssøknaden kan vere ferdig handsama innan nyttår.

— Dersom det ikkje blir ekstra rundar med klagehandsaming, så kan vi ha klart vindkraftanlegget på Lutelandet i løpet av 2012, seier Håkon Sandvik.

Saman med Statoil New Energy AS har Vestavind Kraft etablert Lutelandet Energipark AS, med femti prosent eigardel kvar. Det er dette selskapet som skal gjennomføre eventuell utbygging av vindkraftverket.

Kva meiner du om planane? Sei meininga di.