Eit aukande tal fellesadministrative oppgåver viskar meir og meir ut grensa som veslebror Fitjar mest er oppteken av å halda på.

Fitjar-rådmann Harry Herstad kommenterer utviklinga i framlegget til neste års budsjett for Fitjar kommune. Han er lei av at stadig trongare rammevilkår tvingar fram nedskjeringar som går på styringsretten laus for den einskilde kommune.

— Dersom staten har som føremål å tvinga fram kommunesamanslåingar, får den seia klårt frå om dette. Då vil Fitjar, Stord og eventuelt andre aktuelle partar kunna få i oppgåve å utgreia dette spørsmålet konkret og med midlar frå KRD (Kommunal- og regionaldepartementet), skriv Harry Herstad i budsjettkommentarane.

Ifølgje Herstad får kommunane lagt på seg stadig fleire underfinansierte oppgåver av ei «sentral og regional statleg overstyring». Han meiner at sentrale styresmakter vanstyrer kommunesektoren.

I tillegg til å spara pengar sjølv på kommunale servicetenester, prøver Fitjar å få meir ut av små midlar gjennom det interkommunale samarbeidet med Stord, Bømlo, Sveio, Tysnes og Kvinnherad. Blant anna skal Fitjar kommune sitt løns- og personalsystem knytast opp mot Stord sitt.

Blant nedskjeringar i Fitjar som Herstad gjer framlegg om, er å redusera stillingar innan skulefritidsordning, fysioterapi, heimebaserte tenester, barnehageassistanse og jordmorteneste. Budsjettopplegget for sentraladministrasjonen er ifølgje Harry Herstad på grensa av det forsvarlege.