Statseigde Enova har i sommarrunden gitt 1,1 milliardar kroner i støtte til fire norske vindkraftprosjekt. Men heller ikkje denne gongen til gigantanlegget på Midtfjellet i Fitjar.

Fitjar Kraftlag og Dong Energy har inngått entreprenøravtale for Midtfjellet Vindpark, og var klar til å starta grunnarbeid i haust dersom støttemillionane kom på plass. No er prosjektet som omfattar opptil 45 vindmøller sett ytterlegare på vent.

Dei fire prosjekta som får støtte i denne omgangen er Hundhammerfjellet i Nord-Trøndelag (16,4 millionar kroner), Høg-Jæren i Time og Hå (511,6 mill kr), Nygårdsfjellet i Narvik (200,1 mill kr) og Fakken i Troms (346,4 mill kr).

Håp i september

Heller ikkje vindrkaft i Tysvær får grønt lys i denne omgang.

Enova-direktør Nils Kristian Nakstad seier til bt.no at begge dei to vestlandsprosjekteta er aktuelle ved neste tildeling, som skjer i haust. Frist for å søkje er i byrjinga av september.

Han forklarer avslaga med lønsemd.

– Det er utelukkande kravet til flest mogleg kWh pr. krone som ligg til grunn. Og her var altså Midfjellet i Fitjar og prosjektet i Tysvær ikke lønsamme nok.

— Svært nøgd

To av prosjekta som får støtte ligg i Narvik og på Karlsøy i Troms. Men både Enova-sjefen og statssekretær Sigrid Hjørnegård (Sp) avviser spørsmål om at tildelinga har vore politisk styrt.

– Men regjeringa og departementet er svært nøgd med denne tildelinga, tilføyer statssekretæren.

I denne runden var det i alt åtte søknader på i alt 6,5 milliardar kroner. Med juli-tildelingane har Enova så langt støtta utbygging av i alt 1,6 TWh vindkraftproduksjon. Målet er å støtta 3 TWh innan utgangen av 2010. Så Midtfjellet Vindpark, som fekk konsesjon i fjor vår, har framleis sjansen.