Rundt 400 menneske var innom kultur— og idrettsbygget i Fitjar laurdag føremiddag, då 28-åringen kom til heimbygda, to månader etter sigeren i Bocuse d’Or i Frankrike.

For ein gongs skuld slapp Geir Skeie sjølv å stå for matlaginga. I staden måtte han smaka seg gjennom 14 kaker og ni middagsrettar i to uhøgtidelege mattevlingar til ære for kokken som til dagleg tener til sitt brød i Sandefjord.

Stolt – Eg er stolt av å vera frå Fitjar. Når folk andre stader spør kor eg kjem frå, så svarar eg Fitjar – ikkje ein plass ved Bergen, sa Geir Skeie til ei applauderande og like stolt forsamling.

Geir Skeie dømde naturlegvis Fitjar til vinnar av kokkekampen mot Stord. Hei-melaget (ordførar Harald Rydland og kokk Odd Einar Tufteland) nytta seg av lokale råvarer etter Skeie sine smaksløkar – kamskjell, hjort og oppdrettsaure. Stord-laget (ordførar Liv Kari Eskeland og kokk Ola Dahl Andersen) stilte med eit vesentleg handikap; hermetiske råvarer.

På tilskipinga i Fitjar laurdag overrekte Fitjar-ordførar Rydland bokgåver til Geir Skeie og sambuar Katrine Borge Larsen. Osternes Mannskor stilte i kokkemundur og serverte ein heilgastronomisk song til ære for kokkeverdsmeisteren.

Æresruss Geir Skeie har ikkje heilt sleppt unna ein innsats med grytene i løpet av Fitjar-besøket sitt.

– Fredag kveld laga eg ein skaldyrbuffé til Fitjar-kameratane mine i eit hyggeleg lag, seier Geir Skeie.

Fredag nytta også Fitjar vidaregåande skule og Rimbareid skule høvet til å gjera stas på sin tidlegare elev. Skeie er no æresruss ved skulen der han gjekk kokkelina for ti år sidan.

Geir Skeie fortel at han framleis er tilsett ved restaurant Midtåsen Solvold i Sandefjord. Meistertittelen frå Bocuse d’Or i Lyon i januar medfører dessutan at han rett som det er blir invitert til å halda føredrag. Dei handlar om mat- og oppdekkingsdesign, og om korleis han førebur seg til kokkemeisterskap.

Les om kakemonsen Geir Skeie i BTs papirutgåve sundag

Geir Skeie fekk smake lokale råvarer i den uhøgtidelege kokketevlinga laurdag.
Ove Olderkjær