Fiskestopp i seks år

Lut-utsleppet i Vatnaelva på Stord i juni var så drepande at laksegytinga ikkje er normalisert før i 2013.

Les også:

Det er konklusjonen frå Rådgivende Biologer etter at Stord kommune ved eit uhell 5.juni slapp ut 500 liter lut frå vassverket som havna i den fiskerike Vatnaelva.

Den omfattande fiskedøden som oppstod nærmast momentant vil medføra redusert innsig av stadeigen laks til Ådlandsvassdraget ved Leirvik i åra 2010 – 2013, konkluderer biologane.

– Katastrofe
– Ein katastrofe, sa sportsfiskar Knut Petter Hagen Thorsen til bt.no etter det som skjedde.

To og ein halv årsklasse av laks blei drept av luten, og det meste av sjøaureyngelen. Fylkesmannen har lagt ned forbod mot alt fiske etter aure og laks i Ådlandsvassdraget som følgje av uhellet, som Stord lensmannskontor etterforskar som miljøkriminalitet.

Uhellet skjedde då ein slange hoppa av slik at ein halv kubikkmeter med 30 prosent lut rann rett ut i Vatnaelva og vidare dei sju kilometrane nedover i Ådlandsvassdraget som endar i Frugardselva med utløp i sjøen ved Stord kyrkje.

Erstatning
Per Bergli i Ådlandsvatnet Fiskelag seier til bt.no at laget har retta eit erstatningskrav mot Stord kommune.

– Ei eventuell bot vil jo gå rett i statskassen, og det ser ikkje vi noko til, seier Bergli.

Erstatningskravet botnar i hovudsak i at fiskelaget årleg går glipp av rundt 20.000 kroner i sal av fiskekort. Fisket i vassdraget kan tidlegast ta til att i 2014, påpeikar Per Bergli.

Fiskelaget, grunneigarar og Stord kommune har saman med interessentar og Stord Jeger- og fiskerforening danna ei ressursgruppe for å gjera skadeverknadene av lututsleppet så kortvarige som råd er. Det er ressursgruppa som har engasjert Rådgivende Biologer.

Vatnaelva hadde dei fem-seks siste åra teke seg sterkt opp som lakseelv. I fjor blei det fiska 106 laks i elva.

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Relaterte bilder

To og ein halv årsklasse av laks blei drept av luten. FOTO: joost lommelaars

FOTO: joost lommelaars

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger