KJERSTI MJØR

Ulideleg, tung stank og stundom gassutvikling, som kryp inn vindauger og sprekkar i nabohusa. Den rekordvarme sommaren har gjort det endå verre for naboane til fiskeavfallsverksemda Hordafor A/S på Salthella i Austevoll.

— Vi blir forpesta i våre eigne hus. Ute er stanken forferdeleg, og innandørs kan vi ikkje opne vindauga ein gong. Så sit vi der i førti grader og med gass i huset, seier Eivind Stenevik fortvilt.

— Folk blir kvalme, får hovudverk og kastar opp. Det er heilt forferdeleg at dette kan skje i 2002. Han er ein av kring tjue naboar som no har meldt Hordafor A/S til Hordaland Politikammer.

Nytt håp etter legerapport

Det gjorde dei også i 1992, men då vart saka lagt bort på grunn av bevisets stilling. Etter at kommunelegen kom på bana i august, har naboane fått nytt håp. I rapporten karakteriserer kommunelege Maged Teir tilhøva som helseskadelege, og krev handling. (For øvrig vart legen sjølv sjuk etter å ha tilbrakt ein halvtime i nabolaget).

Hordafor A/S tek imot fiskeslo og daud fisk frå heile kysten, og anlegget gjer avfallet om til olje og dyrefôr. I tolv år har naboane kjempa for levelege kår, og like lenge har dei fått løfter om bot og betring og reinseanlegg.

— Men vi trur ikkje på dei lenger. Hordafor AS har ført oss bak lyset i alle år, hevdar Stenevik overfor BT.

Tar saka alvorleg Neste veke skal Fylkesmannen si miljøvernavdeling vurdere strakstiltak på Salthella, for å betre miljøet for naboane.

— Hordafor kan ikkje forpeste omgjevnadane, slik at folk ikkje kan bu der, seier saksbehandlar Astrid Holte til BT.

— Vi tek denne saka svært alvorleg, og mi klare oppfatning er at det gjer også Hordafor A/S.