Litt før klokka ti mandag morgon blei Fiskeridirektoratet i Noreg varsla om at fiskebåten «Buefjord», heimehøyrande i Bulandet i Sunnfjord, er i arrest på Shetland.

— Saka er under undersøking hos kystvakta i Skottland, seier Per Sandberg, fungerande fiskeridirektør i Fiskeridirektoratet.

Sandberg veit førebels lite om årsaka til at fiskebåten er tatt i arrest, men seier at det har å gjere med rapportering av fangst. På generelt grunnlag seier han dette:

— Det er eit omfattande regime av rapportering av fangst i Atlanterhavet. Båtar skal rapportere om når dei kjem, fiskar og forlet andre land sine økonomiske soner. Kystvakta inspiserer båtane, og dersom dei ser grunn til det, kan dei velje å reagere, seier Sandberg.

Også «Sklinnabanken», ein fiskebåt heimehøyrande i Nordland, er i dag tatt i arrest av den skotske kystvakta.

— Vi veit berre det vi har fått opplyst i ein e-post frå kystvakta i Skottland, nemleg at det har med rapportering av fangst å gjere. Vi avventar nærare beskjed når båtane er komne i land, seier Einar Ellingsen, seksjonssjef på kontrollavdelinga i Fiskeridirektoratet.

Han seier det er uvanleg at to norske fiskebåtar vert tekne i arrest i løpet av så kort tid.

Saka vert oppdatert