— Båten står no med baugen i vêret og akterenden på botnen, fortel driftsleiar Asbjørn Bøstrand.

Makrellen, som Domstein Selje hadde kjøpt på auksjon til sju kroner kiloen, er truleg tapt. Verdien av lasta var dermed 1,75 millionar kroner.

I beste fall kan fisken seljast til sildoljeindustrien. Men då er prisen ein heilt annan, truleg kring 80 øre kiloen. Fisken ligg framleis i tankane på båten, og det er ikkje fare for ureining.

Båten sokk då mannskapet skulle reinse eit filter.

— Dei hadde gløymt å stenge ein ventil. Så då dei skrudde av filterdekselen stod det fullt trykk inn, og det var uråd å stenge, fortel Bøstrand.

Frå han fekk beskjed og til båten stod med akterenden på botnen tok det kring 40 minutt. Til bt.no seier Bøstrand at dei vil forsøkje å få båten flott ved fjøre sjø i ettermiddag.

SOKK SOM EIN STEIN: Båten står no med baugen i vêret og akterenden på botnen.
SIGVE SLAGNES, SYNSTE MØRE