TERJE ULVEDAL

Sjø som kom inn i det elektriske anlegget, er truleg årsaka til at båten miste all motorkraft ikkje så langt frå Bjørnøya. Motorhavariet skjedde søndag.

Sjølv om vêret i området ikkje er det beste, var det i følgje Hovudredningssentralen for Nord-Norge ikkje noko dramatikk i situasjonen. Fiskebåten blir no slept til land av eit skip frå Kystvakta.

— Vi reknar med at båten er inne i Hammerfest i løpet av dagen, opplyser Asbjørn E. Førde i Bremanger-selskapet Førde Havfiske som eig autolinebåten. "Førde jr." er i Barentshavet for å fiske etter torsk og hyse.