• Taretrålinga er den desidert største miljøkriminalitet som skjer i Norge i dag, meiner Mindor Grotle. Fiskaren lovar å stoppe trålarane dersom dei kjem tilbake til Bremanger.

— Dette kan ikkje halde fram. Nokon må ta til vit, seier Grotle. Han har stilt seg i bresjen i den lokale kampen mot taretråling.

— Opptaka Oddekalv gjorde frå sjøbotnen er rett og slett sjokkerande, meiner fiskaren.

Taretrålarane kom til Bremanger i månadsskiftet november/desember. Først for to veker sidan gav dei seg. Men nokon neste gong blir det ikkje, i følgje Grotle. Han ønskjer ikkje å gå i detaljar om kva aksjonar som blir planlagt, men lovar at trålarane skal merke det.

— Vi har bestemt oss for ei yttergrense. Viser dei seg innanfor den, skal vi stoppe dei. Så enkelt er det, seier Grotle.

Bremanger-fiskaren rasar mot regiondirektøren for fiskeri i Sogn og Fjordane, Rolf Petter Vetvik, som etter hans meining har gitt trålarane grønt lys for å rasere tareskogen.

— Vetvik har handtert dette som ein amatør. Medan marinbiologar seier det tek 16-20 år før tareskogen veks opp att, meiner Vetvik det tek 4-5 år. Gjennom dette og ei rekkje andre utsegn har han bevist at han ikkje veit kva han snakkar om. Det er så graverande at han burde gått frå stillinga si, tordnar Grotle.

Han meiner trålinga fullstendig har øydelagt det viktige oppvekst- og fiskeområde for torsk:

— Sist det var torsk på Bremangerpollen var i 1985. Då fiska ein kamerat og eg for 52.000 kroner på nokre få dagar. Det var mykje pengar det i dei dagar. Så tok haustinga av tare til. Etterpå har det ikkje vore ein fisk å få.