BJØRNAR SØRHEIM

— Dette var ein stygg episode. Det var jo livsfarleg. Tenk om det hadde vore is i snøen, seier fiskar Jann Harald Sæthre.

- Som eit lokomotiv

Det var mellom tolv og eitt måndag Jann Harald og kameraten Atle Tvedt var ute og drog garnet Jann Harald hadde sett ut under Hagelsundbrua, brua mellom Flatøy og Knarvik.

— Plutseleg høyrde me eit fælt spetakkel. Me snudde oss og såg mot Flatøysida og så kom det mykje snø og slaps mot oss og slo oss flatt i dekk. Eg mista pusten og vart kraftig forslått. Det var akkurat som om det kom eit svært lokomotiv rett mot oss, seier ein skrekkslagen Jann Harald Sæthre.

Farleg fart

— Brøytebilen som var skuld i dette her må ha køyrt i 80 km/t. Han heldt ein kolossal fart. Det var reinspikka flaks at me overlevde, meiner Sæthre.

Sæthre fryktar at det kunne gått verre. I tillegg til hurtigruteskipa går også sognebåtane og fleire private småbåtar under brua.

— Då eg var under brua på søndag og skulle setja dette garnet var det tjukt i folk. Det var så mange at det var så vidt eg fekk plass til å setja ut garnet. Kva om dette hadde skjedd då, undrar Sæthre.

Han peiker på at det på grunn av straumen er særs godt fiske under bruer. Mange samlar seg difor der for å fiska på dagar som på søndag.

Sæthre etterlyser tiltak.

- Noko må gjerast

— Noko må jo gjerast. Dei må setja opp vern. På denne brua har dei eit fortau på eine sida som tek av for noko av snøen brøytebilane måtte brøyta vekk. Men på andre sida er det jo berre eit gjerde. Og det tar nesten ingenting. Der er det heilt ope, seier han.

Fråskriv seg ansvaret

Roger Skogli i Mesta som har ansvaret for å brøyta strekninga seier han er ganske sikker på at dette ikkje er deira ansvar.

— Dette var jo synd for han som vart utsett for det. Men me har berre ansvar for måten jobben vert gjort på. Og eg er ganske sikker på at det ikkje står noko i kontrakten vår med Statens Vegvesen om at me har ansvar for båtane som køyrer under bruene me brøyter anna enn generell varsemd. Det er jo vanskeleg nok for ein brøytebilsjåfør å halda orden på det han skal gjera, om han ikkje skal passa på båtane under brua også.

Seksjonsleiar Arild Hegrenæs i Statens Vegvesen vil ikkje leggja skulda på nokon, men viser heller til kontrakten Statens Vegvesen har med Mesta.

— I kontrakten me har med Mesta står det at "entreprenørane skal syna aktsomheit i alt dei gjer". Så kan me diskutera kva handling dei skal utføra for at dei har vist aktsomheit. Han meiner heller ikkje dette som noko stort problem og seier Statens Vegvesen ikkje kjem til å setja i gong nokre tiltak for å hindra dette.