Det var laurdag ettermiddag det gjekk varmt føre seg i dobbel forstand på ei nær 100 meter lang utskipingskai for tømmer i Fresvik. I det varme sommarveret ville fire ungdommar kjøle seg ned med eit bad i Sognefjorden. Dei la turen til tømmerkaia. Sjølv om det stod ein kar og fiska i andre enden, rekna ungdommane med at det måtte gå bra, så lang som kaia er.

Men det var ikkje mannen einig i.

Han ba ungdommane komme seg derifrå fortare enn svint. Og for å understreke at han meinte alvor, drog han fram fiskekniven sin. Dei unge badegjestene la på sprang, i følgje Sogn Avis med ein rasande og knivfektande fiskar i hælane.

Dei fire nådde fram til bilen dei hadde parkert bilen 100 meter unna, hoppa inn og kom seg vekk det fortaste dei vann.

Fiskaren kan no vente seg eit oppgjer med politiet. Badegjestene melde nemleg episoden, og politiet rykte ut.

Då hadde fiskaren roa seg vesentleg ned. Etter ein samtale med politiet, pakka mannen fiskesakene og drog frå kaia.

Kniven fekk han derimot ikkje med seg. Den beslagla politiet på staden.