Den 27. oktober 2013 drukna ein 46 år gammal fiskar i Skorbøfjorden i Selje. Ulukka skjedde då fiskaren vart dregen over bord under setting av ei teinelenkje, melder Statens havarikommisjon for transport (SHT) i sin rapport om ulukka.

— Det er mest truleg at ei lykkje av lenkjetauet hekta seg rundt fiskaren sin høgre legg, og at han difor vart dregen over bord, heiter det i rapporten.

Velkjend fare

— Fall i sjøen som følge av at fiskarar har vikla foten inn i tauverk og andre fiskereiskapar, er ei velkjend fare, skriv SHT.

Ulukkesstatistikk frå fiskeflåten viser at overbordulukker på sjøen utgjer 28 prosent av dødsulukkene, og arbeid med fangstreiskapar utgjer 35 prosent av alle personulukkene. SHT ser difor eit stort behov for å betre arbeidstryggleiken for fiskarar i heile fiskeflåten.

Fysisk skilje

I 2012 omkom ein 19 år gammal fiskar vest for Vikna i ei tilsvarande ulukke. Den gong som no er tilrådinga frå SHT den same:

— Eigarar av sjarkar og andre fiskebåtar bør innføre varige, fysiske tiltak som hindrar faren for at fiskarar blir dregne over bord under fiske. Med andre ord er det naudsynt å innføre tiltak slik at fiskarar er fysisk skilde frå løpande tauverk og fiskereiskapar, skriv SHT.

SHT tilrår Sjøfartsdirektoratet, i samarbeid med fiskerinæringa, forskingsmiljø og andre, om å vurdere tiltak som gjev fiskebåtreiarane fiskerifagleg støtte og påtrykk for å få på plass fysiske barrierar som kan verne om fiskarane sin arbeidstryggleik.

ILLUSTRASJON: Bilde av dekket til sjarken med illustrasjon av to sannsynlege posisjonar der fiskaren kan ha blitt hekta fast i lenkjetauet og dregen over bord.
STATENS HAVARIKOMMISJON FOR TRANSPORT