— Me ser ein tendens til at dei fangane som får i seg meir fisk, og har eit balansert kosthald, presterer betre på testane, seier Lisbeth Dahl, forskar i NIFES (Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking). Prosjektet har gått ut på å gi ei gruppe innsette tre fiskemåltid i veka i eit halvt år, for så å testa resultata. Dei endelege resultatet er ikkje klare, men ideen var så god at dei amerikanske samarbeidspartnarane kasta seg over han.

— Prosjektet i USA blir større enn det me har prøvd ut heime. Fengsel i Noreg her er mykje meir kontrollerte, så me har stor forventning til kva resultata vil visa, seier Livar Frøyland, forskingssjef på NIFES.

— Me trur dette er starten på suksess, der folk ser utbyttet av å endra kosthaldet, seier han. I januar reiser eit team frå Bergen til USA for å vere med på starten av fiskematprosjektet der.

Men det er ikkje berre fangemunnar som skal bli metta med sjømat. NIFES har nettopp gjennomført prosjektet «Ungdom, sjømat og mental helse» på Rothaugen skule i Bergen der føremålet blant anna var å studera inntak av feit fisk og elevane si konsentrasjonsevne. Resultata herfrå blir samla i desse dagar. I tillegg jobbar instituttet med eit nytt prosjekt knytt opp mot gravide kvinner og nybakte mødrer.

— Mange vel bort sjømat i denne situasjonen. Faktum er at det kan vere uheldig å la vere, seier Frøyland.

— Det er ikkje tvil om at tydinga av sunn mat er aller størst blant dei som er mest sårbare; barn, gravide og eldre, seier Frøyland. Tidlegare undersøkingar, blant anna publisert i det medisinske tidsskriftet Lancet, viser at barn av mødrer som har ete mykje fisk gjennom svangerskapet kommuniserer betre og har betre sosiale evner som sju og åtteåringar. NIFES er i dialog med «Barn i Bergen» og vil saman med dei byrja å snakka om kosthald med gravide og nybakte mødrer på helsestasjonar.

— Inntrykket vårt er at det er mange som nesten ikkje et sjømat. Dette kan ein sjå viktige resultat av å gjere noko med, seier forskingsleiaren.