JOHN LINDEBOTTEN

Ein slik tunnel vert ca. 9 kilometer lang, og med fire felt kan prisen trygt plasserast mellom 1,5 og 2 milliardar kroner. Tunnelen kan samanliknast med stamvegtunnelen frå Rådal i Bergen til Svegatjørn i Os. Der er det lokal semje om å betala halvparten av kostnaden på rundt 2 milliardar kroner med bompengar. 19 kroner for liten bil. Staten er knipen, men vil truleg bidra med nokre hundre millionar.

På sambandet Bergen-Sotra er truleg sjansane for statleg medverknad endå mindre. Finansieringa vil likevel gå glatt, med langt over 20.000 bilar for dagen å henta pengar frå.

Ikkje noko problem

— Vi kan byggja denne tunnelen for våre eigne pengar, og utan garantiar. Med bompengar på Sotrabrua og i den nye tunnelen, slik at ingen slepp unna, er det ikkje noko problem, seier regiondirektør Terje Skjelbred i NCC Anlegg Vest til Bergens Tidende.

Det er tal frå reisevaneundersøkinga 2000 som syner at det nye vegsambandet mellom Bergen og Sotra, anten det no vert ny bru eller tunnel, bør byggjast langs den same aksen som Sotrabrua.

— Over halvparten av trafikken over Sotrabrua mot Bergen skal til indre Laksevåg eller vidare mot Bergenhus bydel og Åsane. Vidare ser vi at nær halvparten av trafikken mot Sotra skal til Lille Sotra, altså Straume-området, opplyser Ole Johan Sagen til Bergens Tidende.

Tilråding i august

Sagen er dagleg leiar i selskapet Sambandet Sotra/Øygarden-Bergen AS, som arbeider for nytt vegsamband mellom Bergen og Sotra. I spissen for selskapet står tidlegare samferdsleminister Lars Gunnar Lie. Selskapet ser no på mange ulike alternativ. Planen er at selskapet skal koma ut med tilråding på eitt av dei i august månad i år. Dersom det vidare planarbeidet går glatt, og ingen politiske hindringar dukkar opp, er det god sjanse til å ha anleggsferdige planar til 2010, med byggjetid på fire år.

For nokre veker sidan presenterte BT eit forslag frå ingeniør Johannes Sørli på Stord; - ein ca. 9 kilometer lang tunnel frå området Birkelandsskiftet/Flesland til Fjell, med utgang nokre kilometer sør for Fjell kyrkje.

Tala frå reisevaneundersøkinga tyder på at ein slik tunnel kanskje ville få for liten trafikk. Eit av måla med å byggja nytt vegsamband, er å avlasta Sotrabrua, der trafikken no er oppe i over 21.000 bilar for dagen. Og ei avlasting vert truleg mest effektiv dersom det nye sambandet går langs same aksen.

Kanskje ny bru?

Dersom det meste av personbiltrafikken vel tunnelen, vil kollektivtrafikken få betre vilkår over brua, med mindre køkøyring, kortare reisetid og dermed betre tilbod til dei reisande.

Ole Johan Sagen opplyser at det om kort tid også skal leggjast fram eit alternativ med ny bru. Der er det vanskeleg å tenkja seg ei ny bru andre stader enn nett der Sotrabrua ligg i dag.

Sagen presiserer og at ny veg, eller utbetra veg mot Ågotnes og frå Fjell mot Sund, bør vera med i den totale vegpakken Bergen og Sotra/Øygarden til slutt skal semjast om.