Anbodsopning på den store kontrakten var klokka eitt i dag. Fjord1 Fylkesbaatane driv i dag båtsambanda Nordfjord-Bergen og Sogn-Bergen slik dei har gjort sidan selskapet blei stifta i 1858.

For to år sidan blei tilsvarande konkurranse avlyst. Sogn og Fjordane fylkeskommune som betaler for drifta av båtsambanda, gav då kontrakten til Fjord1. Tide meinte dei skulle hatt oppdraget, og klaga. Anbodskonkurransen blei avlyst. Det rettslege oppgjeret etter den anbodsutlysinga er enno ikkje avslutta.

Kven bør vinne kampen? Sei di meining i feltet under!