Fylkeskonservator Eva Moberg i Sogn og Fjordane var onsdag på synfaring i Lærdal, og konstaterte at i alt fire hus i verneområdet er totalskadde etter brannen.

— Det var eit sterkt inntrykk å sjå brannruinane, og sjå tapet av historiske verdiar, seier Moberg.

- Eit veldig spesielt hus

Det har tidlegare vore klart at det såkalte «Synneva Eris-huset», bygd i 1840, brann ned til grunnen.

— Dette var freda, som betyr at det har nasjonal verdi. Det var eit veldig spesielt hus, bygd av ein handverkar frå Bergen i typisk bergensarkitektur. Det har tidlegare vore forsamlingshus, og svært viktig for samfunnet i Lærdalsøyri i lang tid, seier Moberg.

Huset har mellom anna vore bakeri, telegraf, pensjonat og kafé gjennom tidene.

Men også dei andre verna husa hadde ein spesiell verdi.

VERNA: Losjehuset slik det såg ut før brannen. Det verna bygget gjekk tapt i brannen.
Sogn og Fjordane fylkeskommune

— Dei var verna fordi dei var ein del av ei samling godt bevarte hus. Det er sjeldan at ein har bevart så mange hus på ein stad, seier Moberg.

- Heldigvis ikkje fleire

Husa det er snakk om er Losjehuset, eit bustadhus og eit uthus.

— Me må berre vere glade for at brannen ikkje spreidde seg lengre, og at ikkje fleire av desse husa gjekk tapt. Det blei gjort ein utruleg innsats for å hindre at brannen spreidde seg lengre inn i det historiske tremiljøet, seier Moberg.

Ho seier at fylkeskonservatoren i tida framoer vil følgje opp dei som eig husa som vart skadde, og vil bistå i prosessen med å eventuelt byggje dei opp att.

- 200 millionar i erstatning

Erstatningsutbetalingane frå forsikringsselskap etter Lærdal-brannen kan komme på opp mot 200 millionar kroner, meiner Finans Norge.

Det viser anslag dei har gjort ut frå skader som allereie er rapportert inn. Beløpet kan likevel framleis endre seg.

— Me veit at det kjem inn fleire detaljar om skadeomfanget etter kvart, og takseringsarbeidet pågår for fullt, skriv kommnikasjonsdirektør Stine Neverdal i Finans Norge.