Det opplyser operasjonsleiar Per Rimmen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Den rusa sunnfjordingen var på vitjing hos nokon då han tok ei hagle, og sa at han skulle drepe ein person som ikkje var på staden. Då mannen forlét huset med hagla, vart politiet kontakta. Dei fann han til slutt heime i hans eigen bustad, der han forskansa seg.

Den væpna aksjonen varte i 10-12 timar. Forhandlingar via advokat førte til slutt til at mannen overgav seg utan dramatikk.