200 menneske som måtte venta i 28 timar i ein tunnel på Haukeli i helga har gitt ny argumentasjon til Haukeliveiens venner.

— No må vi få ein vintersikker veg over fjellet, for klimaet blir berre verre og verre, seier Johannes Sørli i Haukeliveiens venner.

Korfor bruka åtte timar mellom Oslo og Bergen når ein kan køyra på fire.

Johannes Sørli

Tunnelar til tre milliardar

Stord-ingeniøren og vegvenene hans arbeider for ein 23,7 kilometer lang tunnel som fører E 134 på Haukelifjell unna dei vêrutsette punkta.

Kombinert med ein 9,8 kilometers tunnel frå Seljestad til Røldal blir det eit prosjekt til tre milliardar kroner som ifølgje Sørli reduserer køyretida med tre kvarter og dieselforbruket med 58 liter for eit vogntog.

— Frå Bergen kan denne vegen til Oslo bli opptil 14 mil kortare enn andre aust-vest-alternativ, og hundre prosent vintersikker, seier Johannes Sørli.

— Det er på tide at vi samlar oss om eitt alternativ. Det er på tide med ein motorveg mellom våre to største byar. Korfor bruka åtte timar mellom Oslo og Bergen når ein kan køyra på fire? spør Sørli

1 prosent stigning

Det lange tunnelalternativet som Haukeliveiens venner har lansert, får maksimalt ein prosent stigning, mot 3,5 prosent stigning for eit alternativ Statens vegvesen står bak.

Vegvesenets alternativ er fem kilometer lengre enn haukelivennene sitt, men rundt 35 prosent billegare.

— Vårt forslag er utarbeidd i samråd med brøytebilsjåfør Harald Fjæra, som har brøytt på Haukelifjell i 35 år. I tillegg til å vera vintersikkert, sparar forslaget utgifter til brøyting og kolonnekøyring, og er vesentleg betre for tettstaden Røldal, seier Johannes Sørli.

Kva meiner du? Diskuter under!

VINTERPROBLEM: 200 menneske overnatta i ein tunnel på Haukeli i helga. Slike hendingar kan ein unngå med den nye vegen, seier Haukeliveiens venner. FOTO: 2211-tipsar