Ein 33 år gammal mann og ei fem år gammal jente, som sat i ein av bilane, blei sende til Haukeland Universitetssjukehus med luftambulanse og redningshelikopter.

— Mannen er alvorleg skadd og til operasjon, medan femåringen er lettare skadd, opplyser informasjonsrådgivar Ragnhild Dårflot Olsen i Helse Bergen til bt.no

Dei to personane i bil nummer to blei sende med ambulanse til Odda sjukehus.

Tre bilar var involvert i kollisjonen. Personane i den siste bilen kom uskadde frå ulukka.

Politiet fikk melding om ulukka klokka 14.24 laurdag ettermiddag.

– Vegen blei sperra, men blei opna igjen for trafikk i 17:30-tida, seier operasjonsleder Sven Johannesen ved Hordaland politidistrikt til bt.no.